MP3 – Mattias Perez trio

Gladmusikk frå Sverige

Svensk svingande dansepuls Ikkje la deg lure av ordspelet! Den boblande og blide musikken frå vest-Sverige er kjennemerket til denne trioen. Gitaristen Mattias Perez har saman med Nina Perez og Mia Marin på feler funne ein munter grunntone i uttrykket sitt, der ein svingande dansepuls let gitaren le med heile munnen, medan felene dreg opp munnvikene lett og kokett…

Dei tre musikarane har til felles ei smittande speleglede og nyfiken interesse for å finne nye vegar framover frå det vestsvenske materialet. Låtane er tradisjonelle ”polskor, schottisar og valser”, heile tida i ein leikande flørt med andre sjangrar og uttrykk. Den leikne lyden av MP3 har vorte servert både det svenske publikummet og rundt i verda, både gjennom turnear og to album, det siste “Dansa Dansa” som kom i 2012, både med tradisjonslåtar og eigne komposisjonar.

Mattias Pérez er ein av dei mest etterspurde og aktive gitaristane i Sverige. I tillegg til sin eigen trio, er han også gitarist i Outhouse Allstars, Crane Dance Trio, samt at han spelar med Sofia Karlsson og Sigrid Moldestad, i tillegg til å vere musikar i teaterframsyningar på Västanå Teater. For å nemne noko av det prosjekta hans.

Mattias Pérez  gitar
Nina Pérez fele
Mia Marin femstrengs fele