Erlend Apneseth

Ung jølstring med gode feletakter

Erlend Apneseth er ein prisvinnande ung hardingfelespelar frå Jølster i Sogn og Fjordane, og av dei beste folkemusikarane i landet i dag. Han er elitespelemann frå 2012, og gav samme året ut plata “Jølster 2012″ saman med Sigmund Eikås, Synnøve Bjørset og Gro Marie Svidal. Plata vart nominert til Folkelarmprisen for beste soloplate.

Dei siste åra har han etablert seg med eit meir moderne uttrykk der han søker seg mot improvisert musikk og samtidsmusikk, stadig med utgangspunkt i klangane frå hardingfela og folkemusikken. Dette har mellom anna resultert i samarbeid med dansegruppa Carte Blanche, fleire større improvisasjonskonstellasjonar og folk/jazz-baserte grupper, med omfattande konsertverksemd i inn og utland.

I 2012 blei Apneseth, som den sjette i rekka etter Valkyrien Allstars, Gjermund Larsen, Siri Nilsen, Frida Ånnevik og Moskus tildelt Grappas debutantpris. I juryuttalelsen vart det fremheva at Apneseth «er ein musikar med sterk personlighet og vilje til å trakke opp sin eigen sti.» Debutalbumet “Blikkspor”, spelt inn i Rainbow studio og produsert av Arve Henriksen, vart sleppt i oktober 2013 til strålande kritikkar.

Erlend Apneseth is one of the top hardanger-fiddlers in Norway. After years performing folk music in competitions and concerts, he has in the last years established himself in the contemporary/improvisational music scene, doing collaborations with dancers, musicians and poets. Erlend received the Grappa debutant award in 2012, and released his critically acclaimed debut-album “Blikkspor” in october 2013..