Førdefestivalen søkjer økonomi- og sponsorsjef

Familiesøndagen er eit populært gratisarrangement på festivalen. Her med Floating Sofa Quartet i aksjon på utescena ved Førdehuset. Foto: Knut Utler

Familiesøndagen er eit populært gratisarrangement på festivalen. Her med Floating Sofa Quartet i aksjon på utescena ved Førdehuset. Foto: Knut Utler

Førdefestivalen har nettopp henta heim ein gjev internasjonal pris, EFFE AWARD 2019-2020, som ein av Europas fem beste festivalar uansett sjanger. For å utvikle seg vidare, ønskjer festivalen å styrke arbeidet med sponsorar og samarbeidspartar, og søkjer etter økonomi- og sponsorsjef. Stillinga har søknadsfrist 1. november, og tilsetjing er 10. februar 2020.

-Den rette personen for oss er ein person som har den nødvendige bakgrunnen innan økonomi og erfaring frå sponsorarbeid, og som har interesse for kultur og mangfald. Vi håpar vedkommande finst der ute, seier fungerande direktør, Sølvi Lien.

HER ser du heile utlysinga.

Torill Faleide