Keltisk Kveld: DANÚ (Irland) og Fiddlers' Bid (Shetland)

Fredag kveld under festivalen er det i år duka for ein gedigen keltisk folkefest i parken på Festplassen. Då inviterer festivalen nemleg to av dei beste folkemusikkbanda frå Irland og Shetland til Førde: Danú og Fiddlers' Bid. Begge gruppene har eksistert i mange år, og er elska av eit stort publikum over heile verda. Irske Danú spelte på Førdefestivalen så langt tilbake som i 2002, medan Fiddler's Bid ikkje har stått på scena på festivalen vår tidlegare. Dei er begge kjende for å levere sterke konsertopplevingar, så det er berre å glede seg til raske reelar og rolege balladar av beste merke. 

Billettar til Keltisk Kveld er i sal på billettservice.no