Førdekonferansen 2015: Kultur, frivilligliv og tillit

  • Amfi Eikaas, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa 2 Storehagen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway
Førdekonferansen 2014 samla mange interesserte. Vi håpar på god debatt også på årets konferanse. 

Førdekonferansen 2014 samla mange interesserte. Vi håpar på god debatt også på årets konferanse. 

I Norge har vi uvanlig sterk tillit til kvarandre og samfunnet.  Men frivilligliv og deltaking i samfunnslivet er i endring. Kva skjer med samfunnet vårt som ein konsekvens av dette? Kan endringane påverke viktige fundament i samfunnet vårt, som ytringsfridom og ytringsmoglegheit? Og vil nye norske borgarar vere ein del av denne frivilligheitskulturen? Direktør i Fritt Ord Knut Olav Åmås og forskar Ivar Eimhjellen frå Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor er mellom innleiarane som vil belyse dette temaet.

Konferansen vil og ha fokus på festivalen og kulturlivet som katalysatorar for lokal kultur- og samfunnsutvikling. Statssekretær i Kulturdepartementet, Bjørgulv Vinje Borgundvaag vil møte representantar frå festivalar som har gjort mykje for å setje heimstaden sin på kartet langt utover festivalperioden. Kor viktig er kulturlivet og festivalane for lokal og regional samfunnsutvikling? Og korleis ser staten si vidare satsing på festivalfeltet ut?


Desse innleiarane er stadfesta til konferansen: 
Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag, direktør i Fritt Ord Knut Olav Åmås, forskar Ivar Eimhjellen og Bård Kleppe, kriminolog og artist Lavleen Kaur, leiar i Frivillighet Norge Sturla Stålsett. Og fleire namn kjem. 

Konferansen vert leia av Rolf Sanne-Gundersen.

Program