Gjennom dette foredraget med Jaime Trancoso får du nærare kjennskap til samanhengen mellom dansetradisjonane kathak og flamenco. Dette er ein flott introduksjon til danseframsyninga Dance ConneXions i Teatersalen litt seinare på dagen.
Jaime Trancoso, Ph.D
– har ein karriere som er ei god blanding av akademiske og praktiske erfaringar. Han har ein doktorgrad i flamenco musikk frå Sevilla (pris for beste avhandling i 2012) og master i Arts Administration and Management frå London, og er utnemnd til musikolog ved Universitetet i Madrid. Han er også musikklærar og pianist, i tillegg til å vere manager, produsent og direktør for Flamenco Agency, som har fleire leiande flamenco-ensemble – som Pilar Astola - i stallen.