Festivalnatt


  • Festivalsalen og Barthold Bar, Sunnfjord Hotel 2 Storehagen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

KR 360 / 210 / 50

Norsk og internasjonal dansefest i 2 etasjar!

I Barthold Bar leverer SVER ein musikalsk skål til festen, jentene, musikken og livet! Det energiske samspelet pumpar liv i slitne kvardagshjarte, og gjev publikum ein helsebringane lykkerus.  

I tillegg spelar unge og energiske Team GløsTøs. Målet deira er som alltid å inspirere publikum til å danse og svette for alt det er verdt! Og kanskje dukkar det opp fleire.

I etasjen over er det Paulo Flores og suggererande semba frå Angola som står øvst på plakaten. Paulo Flores elskar å by publikum opp til fest, det vere seg med semba eller andre rytmeartar, så her er det berre å finne fram sine beste dansesko. 

Deretter er det klart for dampande ørkenblues frå Timbuktu i Mali. Khaira Arby og bandet hennar er stolte formidlarar av ein musikktradisjon som over alt i verda får publikum til å danse. 

Barthold Bar er open frå kl. 21.30, og fram til konsertane startar, held DJ Darius Darek oss i ande med multirytmisk musikk frå heile verda. Aldersgrense 20 år.

Artistinfo

Program