Keltisk Kveld – DANÚ og Fiddlers’ Bid


  • Utekonsert på Festplassen

KR 300 /180 / 50

Finn deg ein plass i parken og nyt ein festkveld med to av dei beste folkemusikkbanda som er å oppdrive: DANÚ frå Irland og Fiddlers’ Bid frå Shetland på ein og same konsert – det blir som å feire julafta og 17. Mai på same dag! Når musikarane går av scena, slepper DJ Darius Darek laus sine globale danserytmar.

Ved dårleg vêr, vert konserten flytta inn på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Sal av mat og drikke.