Gerard Kurdjian: The Sacred Musics of the World as a medium of intercultural dialogue.

Gérard Kurdjian har ein 25 år lang karriere som musikar og kunstnarleg direktør. Han er også produsent og skribent. Spesialfeltet hans er møta mellom austlege tradisjonar og kulturar rundt Middelhavet, og i tillegg har han god oversikt over den globale verdsmusikkscena. Kurdjian har vore med og grunnlagt fleire festivalar for verdsmusikk og heilag musikk i Frankrike og andre stadar, og var mellom anna kunstnarleg ansvarleg for den store Fes World Music and Sacred Musics Festivalen frå starten i 1994 og fram til 2009. 

Foredraget vil gå på engelsk.