Bjørn Aksdal: Ekstra resonans - Understrengsfeler som fenomen

  • Førdehuset
Foto: Knut Utler

Foto: Knut Utler

Dette foredraget er eit apropos til konserten String ConneXions, som er eit møte mellom  fire musikarar og fire instrument med eitt særskilt fellestrekk - dei har understrenger, også kalla resonsansstrenger. Bjørn Aksdal er ein av dei i Norge som kan mest om folkemusikkinstrument, og i løpet av denne halvtimen vil han gje ei kort innføring i fenomenet understrengsfeler.  

 


Bjørn Aksdal er førsteamanuensis og ein av dei fremste folkemusikk-kjennarane våre. Han er tilknytta Rådet for folkemusikk, og er musikar, skribent, musikkmeldar og forfattar med særleg interesse for eldre instrument. Aksdal står bak fleire bøker og lærebøker om folkemusikk, og på 90-talet leia han Hardingfeleprosjektet som skulle etablere ei framstilling av den eldste historia til hardingfela og dessutan den kronologiske og regionale utviklinga av instrumentet. Materialet vart samla i boka Hardingfela (2009).