FargeFest i Førde!

  • Førdehuset, Idrettshallen Angedalsvegen 5 6800 , Førde Norway

Idrettshallen

KR 260 / - / 50

Etiopisk skulderdans møter norsk gangar. Fallturillturalltura møter habibi habibi og klappeleiker frå heile verda vert samla i eit einaste stort polyfonisk fellesskapsmantra. Bodskapen til oss alle er enkel, men tankevekkande: Kultur vert skapt i møte. Fargespill-prosjektet til Ole Hamre og Sissel Saue viser dette på ein magisk måte.

Meir enn 80 aktørar frå Norge og Verda stiller på scena Fargespill kjem til Førde med framsyninga FargeFest i Førde! Framsyninga er eit ledd i festivalen si markering av grunnlovsjubileet - men først og fremst er dette ei feiring av mangfaldet i landet vårt, og den verdien det gjev oss i framtida! 

Artistinfo


Videoar