Festivalnatt


  • Rica Sunnfjord Hotel & Spa Storehagen 2 6800 Førde Norway

Rica Sunnfjord Hotel & Spa

KR 350/200/50. Aldersgrense 20 år.

I Barthold Bar kan du først glede deg til å høyre Hekla Stålstrenga. I front står fargerike Ragnhild Furebotten og Anne Nymo Trulsen – og bandet sjarmerer publikum frå nord til sør med sin heklamusikk, i grenselandet mellom folkemusikk og populærmusikk. Her blir det garantert allsong!

Frå nordnorsk musikalitet og speleglede glir vi over i suggererande amazighmusikk frå Atlasfjella med den internasjonale berberdronninga Cherifa Kersit frå Marokko. Cherifa er kjend for si sterke, heilt særeigne stemme; med intens og suggererande berber-blues dreg ho deg inn i dansen før du får sukk for deg!

Først ut i Festivalsalen er Soneros de Verdad frå Cuba. Med to vokalistar i særklasse og eit knippe av dei mest erfarne musikarane på Cuba, har dei raskt etablert seg som eit internasjonalt latinband i toppklasse. Sving deg til cubanske son-klassikarar eller bandet sine eigne komposisjonar, alt servert i tradisjonell stil. Dette er eit must for alle som elskar latinske rytmar.

Deretter slepper vi til Ferro Gaita med eggande rytmar og smittande melodiar frå Kapp Verde. Med sin brasiliansk- og afrikanskinspirerte funanamusikk får dei dansegolvet til å koke same kvar i verda dei spelar. Ferro Gaita er ganske enkelt eit perfekt festband!

Barthold Bar er open frå kl. 21.30. Fram til live-musikken startar, held den polsk-tyske DJ-en Darius Darek oss i ande med multirytmisk dansemusikk frå heile verda.

Artistinfo


Program