Taraf de Haidouks/ Bassekou Kouyaté & Ngoni Ba/ DJ Darius Darek


  • Festplassen - utekonsert 42 Hafstadvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

KR 280/170/50

Med to internasjonale toppnamn på plakaten er det duka for eit fyrverkeri av ein konsert på den idylliske arenaen ved Jølstra. Først eit gjensyn med legendene over alle legender innan sigøynarmusikken, Taraf de Haïdouks frå Romania. Desse musikarane har spreidd sigøynarmusikk med ustoppeleg energi over heile verda sidan tidleg på 90-talet, også her i Førde. Deretter entrar den nye superstjerna frå Mali, ngoni-meisteren Bassekou Kouyaté scena. Bassekou og bandet hans fyrer opp eit kvart festivalpublikum med sine medrivande vest-afrikanske rytmar. Etter to heftige konsertband, tek DJ Darius Darek over, med danserytmar frå alle verdshjørne. Hugs, du skal ikkje sove bort sommarnatta! Ved dårleg vêr, vert konserten flytta inn på Rica Sunnfjord Hotel & Spa.

Artistinfo