Praktisk informasjon


Billettar til festivalen får du kjøpt på

HER er ein billettkjøp-ABC for TicketCo sin handlekorg-funksjon. 

Enkelt å finne fram

Kjem du med bil til Førde, skal du følgje skilt til Førdehuset. Her finn du Festivalkontoret som handterer billettsalg, sentralbord, publikumsinformasjon og kurspåmelding.

Kvar er konsertane?

Førdehuset er hovudarena med fleire salar, og i tillegg blir det arrangert konsertar på mange andre arenaer i og utanfor Førde. Sjå arenakart for fullstendig oversikt.

"Sitjande sal"

Med få unntak er det sitjande sal på konsertane, og festivalen tilbyr nummererte billettar i Idrettshallen i Førdehuset. Alle andre konsertarenaer har unummererte plassar.

Startar presis

Vi har eit tett program, og legg stor vekt på å starte konsertane presis. Publikum som kjem for seint til ein konsert vil sleppe inn under applaus.

Meir om Førdehuset:

Førdehuset er eit av Noregs eldste Kulturhus. Det vart oppført i 1976, med restaurering og påbygging i 1997. Her er symjehall, 2 kinosalar med daglege framsyningar, idrettshall, teater, bibliotek, kunstgalleri. I Førdehuset foregår det mykje heile året - konsertar, idrettsarrangment, konferansar, dansegalla etc - og Førdehuset er også hovudarena for det største arrangementet i Førde - som er Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Les meir på Førde kommune sine heimesider.

Om Førde

Førde er ein by med 11000 innbyggjarar, og ligg sentralt i Sogn og Fjordane. Førde ligg inst i Førdefjorden, og området heiter Sunnfjord. Førde og kommunane rundt har mange aktivitetar å by på. På Fjordkysten.no finn du informasjon om andre arrangement.  

Kontaktinfo


Førdefestivalen
Tlf.: +47 46 90 50 10
info@fordefestival.no

Nyttige lenkjer



Festivallogo: 

HER kan du laste ned årets festival-logo i ulike format. 


Festivalen vert alltid arrangert i veke 27:


  • 2017: 5.-9. juli
  • 2018: 4.-8. juli
  • 2019: 3.-7. juli
  • 2020: 1.-5. juli
 

Fortel andre kva du syns om festivalen!