Songkurs - religiøse folketonar

IMG_7302.jpg

Laurdag 7. juli kl. 12.00-14.00    

Førde barneskule, musikkrom. 

Instruktør: Malin Victoria Alander

Dei religøse folketonane våre er uendeleg vakre og sterke. Tekstane spenner frå det sorgtunge til det jublande, frå det vemodige til det ettertenksame, frå tru til tvil. Og melodiane er rike og varierte, med fine forsiringar og nydelege melodilinjer.  Mange av desse songane finst i ulike variantar over heile Norge. På dette kurset tek vi utgangspunkt i melodi- og tekstvariantar frå Sogn og Fjordane, som utøvarane i nyproduksjonen «Op sødeste sang» har funne fram til i arkiv og notebøker – og som vert framført i kyrkjekonserten i Førde kyrkje fredagskvelden.
Kurset er ope for alle med songlyst og songglede!

Instruktør på kurset er ein av utøvarane på konserten, Malin Victoria Alander – ho kjem frå Gloppen i Sogn og Fjordane og har utvikla seg til ein av våre finaste folkesongarar.  Ho er no student ved Norges Musikkhøgskule.