Rumba catalana dans 

Fredag 6. juli kl. 09.30-11.30      

Førdehuset, sakralrommet, 2. etg. 

Instruktørar: Raquel Vicente og Enrique Serviole


Rumba catalana, flamenco rumba eller rumba flamenca – denne musikk- og dansestilen er påverka både av cubansk rumba og spansk flamenco, utvikla først på 1900-talet sør i Spania før den breidde seg nordover og vart vidareutvikla i sigøynarmiljøa i Catalonia, særleg Barcelona.  Dansen har som musikken impulsar både frå flamenco, rumba og salsa; her er fest og glede, masse energi - og stort rom for improvisasjon.

Raquel Vicente er utdanna både som skodespelar og dansar innan mange ulike sjangrar, og har òg utdanning som dansepedagog. Ho har samarbeidd med mange ulike ensemble, og driv no sitt eige dansekokompani, Quindalé. Enrique Serviole kjem frå ei stor musikarslekt og har dansa frå han var liten gut, i sigøynarbryllaup og andre samkomer. Både salsa og flamenco-tradisjonane er tydelege i dansen hans, samstundes som han er ein innovatør med  ein personleg stil som begeistrar publikum. Begge desse dansarane opptrer òg saman med Muchacho y Los Sobrinos som du kan oppleve i fleire samanhengar under festivalen.