Rørospols – 2 dagars kurs    

 Klar melding! Foto: Knut Utler

Klar melding! Foto: Knut Utler

Torsdag 5. juli kl. 16.00-18.00      
Fredag 6. juli kl. 09.30-11.30        

Førde barneskule, gymsal              

Instruktørar: Rolf J. Feragen og Bergitte Kjosvatn               

Lær deg Norges mest populære folkedans frå verkelege spesialistar i faget!  Rørospolsen er ein dans som appellerer og suggerer, ein dans som er slik at du får lyst til å danse den heile natta lang!  Og det er nettopp det dei gjer på Røros når dei set kvarandre i stemne til Rørosmartnan og andre store arrangement. Rytmen, draget, den berusande rundsnuen – det er noko med polsen som gjer at den har blitt populær langt utover sine kjerneområde. Og no har du sjansen til å lære stega og taka som skal til for å kjenne på noko av dette!
Instruktørane Rolf J. Feragen og Bergitte Kjosvatn har Rørospolsen i blodet og har instruert på tallause polskurs. 

Det er ein fordel at du har noko danserøynsle for å vere med på dette kurset.