Familieverkstad med utøvarar frå Small Island Big Song-prosjektet

Tim Cole - og forsamling.jpg

Laurdag 7. juli kl. 12.00-13.00

Førde barneskule, gymsal. 

Ta med heile familien, store og små, og bli med på ei fantastisk reise rundt «halve jorda»!

I tre år har den prisvinnande australske filmskaparen og musikkprodusenten, Tim Cole og produsent og skribent Bao Bao Chen reist rundt på 16 øysamfunn i Søraust-Asia, Stillehavet og det Indiske hav, og gjort lyd- og filmopptak av 100 artistar i sine opprinnelege kulturar.

På familieverkstaden får du møte Charles Maimarosia frå Solomonøyane, Alena Murang frå Borneo, Yoyo Tuki frå Påskeøya, Ado Kaliting Pacidal frå Taiwan, Sammy Andriamalalaharijaona frå Madagaskar og Ben Hakaliz frå Papua New Guinea – og du får vere med i dansane og songane deira. Dette er ein unik sjanse som du kanskje aldri får igjen, så gå ikkje glipp av dette!

Her kan du lese meir om utøvarane og sjå filmklipp med dei:
http://www.fordefestival.no/artistar-2018/2018small-island-big-song

Og meir om heile prosjektet finn du her:
https://www.smallislandbigsong.com/