Barneverkstad med Danyel Waro  

daniel_waro.jpg

Fredag 6. juli kl. 10.00-11.00      

Eventyrrommet, Førdehuset        

Bli med til det Indiske hav!  På øya Reunion finst den spennande musikktradisjonen maloya med fengande songar og rytmar som er herlege å danse til! Tenk at dei franske makthavarane syntest at denne musikken var så farleg at den var forboden heilt opp til 70-talet!  Men nokre forkjemparar heldt tradisjonen levande – og på festivalen har du no sjansen til å møte «Mr. Maloya» personleg – Danyel Waro!  Han er både instrumentmakar, instruktør, musikar og aktivist.

Bli med han i dans, spel og song – og kanskje får du prøve nokre av dei stilige rytmeinstrumenta han har med seg - kayamb, sati, bob, triangel og rouler. Veit ikkje du kva slags instrument dette er, seier du?  Møt opp og finn det ut då vel! 😉

Her er eit døme på den fengande dansemusikken frå Reunion, med Danyel Waro i spissen:

http://www.dailymotion.com/video/xmujox