Samarbeid i Europa? Kreativt Europa - nye mogelegheiter!

 

Fredag 7. juli kl 10.00 - 11.00

Lokale: Lisjesalen, Førdehuset

Samarbeid i Europa? Kreativt Europa kan gje nye mogelegheiter!

Kulturrådet v/ seniorrådgjevar Thea Breivik i Norsk kulturråd presenterer EUs kulturprogram, Kreativt Europa. Dette er EU sitt rammeprogram for kultur og har årlege utlysingar til samarbeidsprosjekt for  kultursektoren fram til og med år 2020. Nærare 40 land deltar i programmet og i tillegg kan ein ha med seg aktørar frå resten av verda. Norsk kulturråd er nasjonalt kontaktpunkt og vil orientere om mogelegheitene for kunst- og kulturlivet. Prioriterte tema i programmet er blant anna publikumsutvikling, interkulturell dialog og transnasjonalt samarbeid. Det kan søkjast om støtte til små prosjekt (3 land deltar og kan utløyse 200.000 euro) eller store prosjekt (6 land deltar og kan utløyse inntil 2 millionar euro). Kreativt Europa støttar i tillegg nettverk, prisar og konferansar som det kan vere nyttig å bli kjent med!

Fri entré.

Meir informasjon:

http://www.kulturradet.no/eus-kulturprogram

Torill Faleide