Lynkurs i polska! Gratis

 

Torsdag 6. juli kl 18.00 - 19.00

Instruktør: Mari Andrea Ness

Svensk polska – medrivande, suggererande, rett og slett herleg – kom og prøv du òg!  

Her kan du kome utan verken pengar eller partnar - berre med danselyst og dansesko!

Mari Andrea Ness er norsk toppdansar, men har budd i Sverige – og sjølvsagt lært seg og dansa polska i hundrevis av timar, ute og inne, på stemne og dansefestar, gjennom netter og dagar….  For slik er polskaen, den setter seg i deg, i kropp og sjel, besnærande og medrivande!

Om du har dansetrening eller ikkje, er du like velkomen til denne timen med Mari Andrea.  Og vi lovar – det blir fleire høve til å danse polska gjennom årets festival – til dømes på Festplassen fredagskvelden når Folk All-in Band spelar opp.  Ver førebudd!

Inga påmelding. Her er det berre å møte opp!

Torill Faleide