Cubansk salsa - 2-dagars kurs for lett øvde

Bli med i cubansk danseglede!

 

Instruktør: Yuliet Estrada Linares

2-dagars kurs: 

Laurdag 8. juli kl. 11.30-13.30

Søndag 9. juli kl. 09.30-11.30

Lokale: Førde Barneskule, gymsalen

 

Cubansk salsa, med sine besnærande rytmer, spennande dansetrinn og store variasjons­fridom er blitt ein populær dans over nær sagt heile verda. Her har du sjansen til å lære av ein internasjonalt anerkjend dansar og pedagog!

Yuliet Estrada Linares er fødd og oppvaksen i Cubas hovudstad, Havana, og dans har vore ein stor del av livet hennar sidan ho var ei lita jente. Ho har òg danseutdanning frå Havana, ved Conjunto Folclorico de la Universidad de La Habana. Etter studia var ho med i ei lang rekke danseforestillingar og konkurransar både nasjonalt og internasjonalt. Frå 2008 har Yuliet budd i Norge, der ho både opptrer og underviser.  Ho er ein populær danseinstruktør, og er etterspurt både i Norge og utlandet. I undervisninga si legg ho vekt på rytme, teknikk, og ikkje minst – danseglede!

Dette er eit kurs for dei som dansa litt salsa før. 

 
Torill Faleide