Barneverkstad: Munnharpespel og dans frå Bhutan

 

Laurdag 8. juli kl 12.30 - 13.30

Lokale: Eventyrrommet, Førdehuset 

Bli med på spel, song og dans frå verdas tak - Himalaya!

Instruktør: Jigme Drukpa

Jigme Drukpa kjem frå Wongchelu, aust i Bhutan, landet som måler sin framgang i «Brutto nasjonal lykke»! Bhutan ligg i Himalaya i Sør-Asia, langt frå Norge.  Likevel er Jigme godt kjend med Norge – og vi er kjende med Jigme!  Han tok nemleg folkemusikkutdanning ved Raulandsakademiet i Telemark og ved Grieg-akademiet i Bergen på 1990-talet.  Han snakkar også godt norsk og elskar å opptre for og undervise born. I heimlandet driv han òg ein kulturskule. Jigme var engasjert som musikar til Førdefestivalen allereie i 1994, og no er vi glade for å kunne invitere han tilbake!

Jigme ein kjend og kjær musikar i heimlandet, og ein ambassadør for folkemusikken der. Han er både songar, dansar og musikar på fleire instrument.  På denne musikkverkstaden får du vere med på dansen, og du får prøve munnharpespel på Himalaya-måten!

Kurset er ope for alle som har lyst, frå 7 år og oppover.

Om artisten

 
Torill Faleide