Barnekurs: Balafon med Mamadou Diabaté

 

Fredag 7. juli kl 09.30 - 10.30

Prøv eit spennande instrument frå Afrika!

Balafon er den afrikanske versjonen av perkusjonsinstrumentet xylofon, og blir spelt på med køller. Den er laga av trestavar med tørka calabash-frukter festa under for resonans, noko som gjev instrumentet ein unik klang. I Afrika er det vanleg med 17 til 21 stavar med ulik tonehøgd.  Historien til balafonen i Afrika går heilt tilbake til 1100-talet. Det finst mange ulike variantar av instrumentet, både i Afrika, Latin-Amerika, Asia og Europa.

På kurset får du møte balafonmeisteren Mamadou Diabaté frå Burkina Faso. Han byrja å spele balafon då han var 5 år gamal, og lærte først av faren sin, som òg var meister på instrumentet. Mamadou øvde hardt og vart etterkvart skikkeleg god – han vann prisar og konkurransar i heimlandet. No reiser han i heile verda med balafonen sin (i flyet!), og i juli har han både kurs og konsertar under Førdefestivalen.

Som kursdeltakar får du vere med og utforske dei spennande songane og rytmane frå Vest-Afrika, du får høyre om balafonen si historie og funksjon, ikkje berre som instrument, men som kommunikasjonsverktøy lenge før mobiltelefonens dagar!  Mamadou vil demonstrere korleis ein sender «Balafon SMS», du får innblikk i løyndomane i balafonspråket – og du får prøve å spele saman med Mamadou!

Her trengst ikkje forkunnskapar; har du lyst, har du lov!

Her kan du høyre Mamadou spele med bandet sitt.

 
Torill Faleide