Argentinsk tango - 2 dagars kurs

Bli med inn i tangoens forførande verd!

2-dagars kurs:

Torsdag 6. juli kl 15.30 - 17.00

Fredag 7. juli kl 09.30 - 11.30

Instruktørar: Amira Luna og Damián Roezgás (La Porteña Tango Trio)

Dei unge dansarane og koreografane Amira Luna og Damián Roezgás er allereie prislønte utøvarar og har nådd topplassering i viktige festivalar og konkurransar i heimlandet Argentina, som Baradero og Cosquin.  I 2015 gjekk dei heilt til finaleplass i Campeonato Mundial de Baile de Tango, «verdsmeisterskapen» i tango-dansing!

Damián Roezgas er òg Superior Professor i tango ved Fracassi Conservatory. Amira Luna er senior lecturer ved det prestisjefyllte Ballet Teatro Colon. Dei er begge faste dansarar med La Porteña Tango Trio og turnerer i store teater- og konsertsalar både i Latin-Amerika og resten av verda med ensemblet.

Du bør ha noko dansetrening frå før for å vere med på dette kurset.  Ta med gode dansesko med litt hæl og høvelege klede for ein forførande tango!

Om artisten

 
Torill Faleide