Sufi-dans

  • Førde Barneskule 1 Elstervegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

Instruktørar: Medlemer av Broukar

Prøv deg på den magiske kverveldansen!

Sufidans kan skildrast som ein fysisk aktiv meditasjon. Den har sitt utspring i sufismen – ei retning innan islam. Innan den religiøse formen er målet å oppnå det forholdet til Gud og til omverda. Etterkvart er det også utvikla verdslege former av dansen.

I vår hektiske kvardag er det mange som brukar dansen for å oppnå ro, konsentrasjon og meditasjon.

No har du sjansen til å prøve dette urgamle danseritualet med sufidansaren Ahmad Alkhatib frå Damaskus som instruktør. Både born og vaksne er velkomne, og det krevst ingen særskilde forkunnskapar.

Ahmad Alkhatib og gruppa Broukar har òg konsert laurdag kl 14.00 i Teatersalen i Førdehuset.