Songkurs

  • Førde Barneskule 1 Elstervegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

Instruktør: Camilla Granlien

Samle på folkesongskattar – og bli rik!

Camilla Granlien frå Furnes i Hedmark, no busett på Lillehammer, er ein av Norges desidert beste folkesongarar. Ho har vunne eliteklassen på Landskappleiken (folkemusikkens Norgesmeisterskap), og fått kongepokal for songen sin. Ho har òg ei rad plateugjevingar bak seg, med flott mottaking frå presse og publikum.

Camilla har masterutdanning innan tradisjonskunst og lang røynsle i undervisning, frå barnehageborn til musikkøgskulestudentar, så med Camilla Granlien som songinstruktør, er du i dei beste hender. 

Camilla Granlien har fordjupa seg i songskattane frå Gudbrandsdalen, med ballader, bånsuller, stev og kjærlighetsviser – og dette stoffet blir utgangspunktet for undervisninga på kurset. I tillegg kan det hende du får møte nyskrevne melodiar av Camilla sjølv, med tekstar av Tor Jonsson, Olav Aukrus og Bjørnstjerne Bjørnson. 

Camilla Granlien er også med i prosjektet «Spring du fela», som har konsert i Klokkargarden i Dale søndag 10. juli.

Er du glad i å synge, er dette kurset det rette for deg!