Sirkus-kurs for born

  • Festplassen 8 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norge
Circus Raj frå Rajasthan lærer bort enkle sirkusnummer til born.

Circus Raj frå Rajasthan lærer bort enkle sirkusnummer til born.

Instruktørar: Medlemer av Circus Raj

Er du ein framtidig sirkusartist?

Heilt frå Rajasthan i India kjem medlemene i Circus Raj med sin fascinerande og legendariske gatesirkustradisjon – og no kan DU få prøve på nokre av deira mangfaldige kunster!  Dei kjem til Førde med dansarar, illusjonistar, luftakrobatar, linedansarar og fakirar.

Kva du får lære av alle deira mangfaldige kunster røper vi ikkje her – men er du 7 år eller eldre er du hjarteleg velkomen til å finne det ut på dette kurset. Dette er ikkje daglegdags tilbod på våre breiddegrader, så her har du ein unik sjanse du ikkje bør gå glipp av, velkomen!

Circus Raj har òg framsyningar på Festplassen i Førde både torsdag og fredag 7. og 8. juli.