Lynkurs i runddansar! GRATIS!

  • Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

Instruktørar: Ingrid Heieren og Elling Sølvberg

Skal vi danse?

Ja, så klart – bli med då!  Her kan du kome utan verken pengar eller partnar - berre med danselyst og dansesko!

Du får grunnleggande innføring i to superkjekke runddansar: Reinlender og polka med støyt. Veit du ikkje kva det er, seier du?  Neivel, det gjer ingenting, kom og sjekk det ut. Og det er både lettare og kjekkare enn du kanskje trur!

Etter ein time under leiing av dei unge og danseglade instruktørane Ingrid Heieren og Elling Sølvberg, garanterer vi at du har fått nok grunnlag til å hive deg med på dansegolvet når festivalartistane spelar opp til dans i Førdehuset under festivalen. Dans er trim, glede og livsnyting, noko vi unner alle å få oppleve!

Så kom som du er - stor, liten, ung eller gamal, du er like velkomen.  Og det er gratis!