Gresk-tyrkisk dans: Sirtaki og zeibekiko

  • Førde Barneskule 1 Elstervegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

Bli med i Zorbas dans!

Instruktørar: Medlemmer av Café Aman Istanbul

2-dagars kurs: 
Torsdag 7. juli kl 16.00-18.00
Fredag 8. juli kl 9.30-11.30

Sirtaki er ein gresk folkedans av nyare dato, som vart koreografert og gjort populær verda over gjennom filmen Zorba the Greek frå 1964. Opprinnelsen er hasapiko-dansen frå Konstantinopel, med røter heilt tilbake til middelalderen. Den blir dansa både i sirkel og på linje.  No har du sjansen til å lære deg denne vidgjetne dansen!

Den gresk-tyriske dansen Seibekiko vart opprinneleg dansa av par, men har utvikla seg til i hovudsak å vere ein solodans. Den gjev stort rom for fridom, improvisasjon – og humor!  Namnet stammar frå zeibek-krigarar i det ottomanske riket i Anatolia (Lille-Asia).

No har du ein unik sjanse til å sjå og lære desse fengande danserytmane av framståande dansarar frå ensemblet Café Aman Istanbul som også har stor framsyning i Førdehuset onsdag 6. juli.

Det er ein fordel med noko danserøynsle på dette kurset. Om du er med eller utan dansepartnar er du like velkomen!

July 8
Songkurs
July 8
Sufi-dans