Colombiansk dans - lynkurs

  • Scandic Sunnfjord Hotel & Spa 2 Storehagen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway
Noency Mosquera

Noency Mosquera

Instruktør: Noency Mosquera

Slå ut håret og kast deg ut i dansen – det er snart Festivalnatt!

Hiv alle bekymringar og hemningar over bord og sving deg ut i dei livsglade danserytmane frå den colombianske Stillehavskysten! Noency Mosquera Martínez guidar deg gjennom dei grunnleggande trinna, slik at du du kan nyte dansegleda for fullt når ho og bandet hennar, El Bongo de Bojayá, spelar opp med tamborito, porro, cumbia, chirimía eller son chocoano på Festivalnatta på Scandic Sunnfjord Hotel.

Om du har dansepartnar eller ikkje, om du dansar i sko eller barbeint, like velkomen er du!

NB! Dette kurset er eksklusivt og aldeles gratis for deg som har billett til Festivalnatta!