Barneverkstad med Raymond Sereba

  • Eventyrrommet, Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

For born frå 4-10 år.

Bli med til Afrika!

Raymond Sereba inviterer deg med på ei reise heilt til Afrika, til ei sanseleg og fascinerande verd av fargar, rørsler og musikk, som du får vere med inn i!

Raymond Sereba frå Senegal i Vest-Afrika er artist, musikar, dansar, skodespelar og forteljar. Han er ein særs erfaren pedagog som enkelt tilpassar seg ulike publikumsgrupper, og som har eit særleg godt lag med barn! Han har turnert med Rikskonsertane sidan 1989 med ei rekke ulike produksjonar, både som soloartist og med ulike grupper og utøvarar.

Til Førde kjem han òg med barneframsyninga «Rytme-eventyr» som vert vist fredag 8. juli i Førdehuset.