Colombiansk dans - lynkurs
Jul
9
10:15 pm22:15

Colombiansk dans - lynkurs

  • Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Slå ut håret og kast deg ut i dansen – det er snart Festivalnatt!

Hiv alle bekymringar og hemningar over bord og sving deg ut i dei livsglade danserytmane frå den Colombianske Stillehavskysten!

Barneverkstad med Raymond Sereba
Jul
9
1:30 pm13:30

Barneverkstad med Raymond Sereba

  • Eventyrrommet, Førdehuset

Bli med til Afrika!

Raymond Sereba inviterer deg med på ei reise heilt til Afrika, til ei sanseleg og fascinerande verd av fargar, rørsler og musikk, som du får vere med inn i!

Sirkus-kurs for born
Jul
8
1:00 pm13:00

Sirkus-kurs for born

  • Festplassen

Er du ein framtidig sirkusartist?

Heilt frå Rajasthan i India kjem medlemene i Circus Raj med sin fascinerande og legendariske gatesirkustradisjon – og no kan DU få prøve på nokre av deira mangfaldige kunster!  Dei kjem til Førde med dansarar, illusjonistar, luftakrobatar, linedansarar og fakirar. 

Sufi-dans
Jul
8
10:00 am10:00

Sufi-dans

  • Førde Barneskule

Prøv deg på den magiske kverveldansen!

Sufidans kan skildrast som ein fysisk aktiv meditasjon. Den har sitt utspring i sufismen – ei retning innan islam. Innan den religiøse formen er målet å oppnå det forholdet til Gud og til omverda. Etterkvart er det også utvikla verdslege former av dansen. 

Gresk-tyrkisk dans: Sirtaki og zeibekiko
Jul
8
9:30 am09:30

Gresk-tyrkisk dans: Sirtaki og zeibekiko

  • Førde Barneskule

Bli med i Zorbas dans!

Sirtaki er ein gresk folkedans av nyare dato, som vart koreografert og gjort populær verda over gjennom filmen Zorba the Greek frå 1964. Den opprinnelege dansen er hasapiko-dansen frå Konstantinopel, med røter heilt tilbake til middelalderen. Den blir dansa både i sirkel og på linje.  No har du sjansen til å lære deg denne vidgjetne dansen! 

Songkurs
Jul
8
9:30 am09:30

Songkurs

  • Førde Barneskule

Samle på folkesongskattar – og bli rik!

Camilla Granlien frå Furnes i Hedmark, no busett på Lillehammer, er ein av Norges desidert beste folkesongarar,. ho har vunne eliteklassen på Landskappleiken (folkemusikkens Norgesmeisterskap), fått kongepokal og har fleire plateugjevingar bak seg, med flott mottaking frå presse og publikum.

Lynkurs i runddansar!    GRATIS!
Jul
7
6:00 pm18:00

Lynkurs i runddansar! GRATIS!

  • Førdehuset

Skal vi danse?

Ja, så klart – bli med då!  Her kan du kome utan verken pengar eller partnar, berre med danselyst og dansesko! Du får grunnleggande innføring i to superkjekke runddansar; Reinlender og polka med støyt. 

Gresk-tyrkisk dans: Sirtaki og zeibekiko
Jul
7
4:00 pm16:00

Gresk-tyrkisk dans: Sirtaki og zeibekiko

  • Førde Barneskule

Bli med i Zorbas dans!

Sirtaki er ein gresk folkedans av nyare dato, som vart koreografert og gjort populær verda over gjennom filmen Zorba the Greek frå 1964. Det er hasapiko-dansen frå Konstantinopel, med røter heilt tilbake til middelalderen, som er den opprinnelege dansen. Den blir dansa både i sirkel og på linje.  No har du sjansen til å lære deg denne vidgjetne dansen!