Innføringskurs i salsadans

  • Rica Sunnfjord Hotel & Spa 2 Storehagen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

Rica Sunnfjord Hotel & Spa

Gratis for dei med billett til Festivalnatt

Instruktørar: Waldo Norstad og Astrid Stenhaug           

Hiv deg uti det! Salsa er gøy, sosialt og ikkje så vanskeleg som du kanskje trur.  Waldo Norstad og Astrid Stenhaug hjelper deg med å få inn grunnleggande trinn og rørsler, så du vert klar for dansegolvet når Soneros de Verdad spelar opp på Festivalnatta! 

Waldo C. Norstad, cubansk dansar busett i Norge, er ein ettertrakta salsainstruktør både i Norge og utlandet. Han har inspirert mange dansegladei Førde før, og no er han tilbake med smittande engasjement og effektiv pedagogikk, saman med vår eigen danseentusiast og –instruktør Astrid Stenhaug!

Kurset er opent for alle. Om du har dansepartnar eller ikkje er du like velkomen,men gode dansesko er eit «must»!

Kurset er gratis for alle som har billett til FESTIVALNATT på Rica Sunnfjord Hotel & Spa same kveld.