Barneverkstad: Torget i Marracech

  • Førde barneskule 1 Elstervegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway
52f6171c-c3c5-4c7e-9041-d8f28bca0279.jpg

Førde barneskule

KR 100/50* (*pris med festivalpass)

Svaiande slangar, jøglarar, fløytespelarar og dansarar – bli med Aissa til torget i Marrakech!

På torget møtest menneske og musikk frå heile Marokko, og her er eit yrande liv! Aissa har med seg instrument og musikk av mange slag, som sintir, lotar, bendir, rebab, karkab, tbal, darbouka og oud.  Veit du ikkje kva slags instrument dette er seier du?  Kom då, så får du både sjå og prøve nokre av dei!  Kanskje får du prøve ein dans eller to òg? Og så får du sikkert høyre nokre gode røvarhistorier frå Atlasfjella...

Aldersgruppe: 3-10 år.

Aissa Tobi fekk musikkopplæringa si av bestefaren heime i Marokko, og alt som 10-12-åring spelte og song han for publikum i landsbyen der han budde. På 80-talet kom han til Norge, og her har halde fram musikkarrieren sin. Aissa har mange skuleturnéar bak seg her i landet, og er ei oppkome av songar, dansar og rytmar. Her inviterer han oss med på ei reise tilbake til heimlandet sitt og til det du kan oppleve på torget i den flotte byen Marrakech.