Olaug Nilssen

 Foto: Bent R. Synnevåg

Foto: Bent R. Synnevåg

"Ytringsfridom eller brot på personvern?"

Olaug Nilssen er ein norsk forfattar og dramatikar, busett i Bergen. Nilssen har studert litteraturvitenskap ved Universitetet i Bergen og skrivekunst ved Skrivekunst-akademiet i Hordaland. Ho arbeider også som skribent og bokmelder. Sidan august 2008 er ho leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho er også nestleiar i Norsk forfattersentrum. I perioden 2010-2013 var ho oppnemnt som medlem i Norsk kulturråd. Olaug Nilssen debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr. Ho har vorte kåre til ein av Norges ti viktigaste unge forfattarar. Hennar siste bok, Tung tids tale, fekk Brageprisen og Nynorsk Litteraturpris i 2017, og vert sett opp på Det norske teatret til hausten. 

Torill Faleide