Vertskap


Gjestene som kjem til Førde skal takast imot og visast veg under mottaking på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Dei same gjestene (pluss 1000 til) skal og finne seta sine i Idrettshallen. Dersom du har eitt breitt smil og likar å vere vegvisar for blide konsertpublikummarar er dette midt i blinken. Dersom du synest dette blir for mange å halde styr på, men har lyst til å omgås publikum kan du vere vertskap på dei ulike festivalkursa.

Solskinspatruljen

Å jobbe som frivillig kan medføre lange dagar og vi som snekrar i hop Førdefestivalen ynskjer å ta ekstra godt vare på dei som stiller opp for oss. Solstrålane i solskinspatruljen syter for at dei frivillige har det bra. Dette kan gå ut på alt frå å dele ut rosiner og sjokolade til dei arbeidande, dele ut klemmar og spreie glede. Ei oppgåve som fører til mykje kjærleik og godstemning.

 

Opplæring og utdeling av funksjonærantrekk i samband med felles informasjonsmøte tysdag 5. juli.

Vertskap møter i musikkrommet, 2.etasje 20:00 - 21:00