Konsertarena

Arenaansvarleg

Som arenaansvarleg koordinerer du alle aktørane som skal innom konsertarenaen. Du er festivalen sin representant på arenaen og er ansvarleg for at konserten går som den skal. På nokre arenaer vil du også verte spurt om å introdusere artistane for publikum.

Oppgåvene er mellom anna:

  • Ta i mot artistane på konsertarenaen

  • Passe på at det tekniske går etter planen i høve til lydprøver m.m.

  • Om nødvendig gjeve opplysningar til publikum frå scena

  • Samarbeide med billett- og dørvakter om innslepp

Produksjon/Rigg

Er du vand til å ta i eit tak under kommando frå øvste hald kan dette vere ei oppgåve for deg. Dette kan vere fysisk krevjande, og inneber mellom anna å rigge scener, setje og ta ned utstyr, og rigg av teknisk utstyr.

Produksjonane i Idrettshallen er store og det er behov for scenearbeidarar. Det er lange dagar med mykje moro og lærerikt å vere med i produksjonsteamet. Og så får du høyre levande musikk heile dagen.

Vakt

Er du blid og omgjengeleg, men streng når det gjelds? Som vakt på konsertarenaen sørgjer du for at folk har det bra. Dette er ein triveleg jobb der du er med på å skape gode sommarminne for festivalpublikummet.

Blomar/dekor

På Førdefestivalen pyntar vi med ville blomar på dei ulike konsertscenene. Likar du å stelle med blomar eller har auge for dekorative detaljar vil vi ha deg med på laget.

Opplæring og utdeling av festival-T-skjorter etter felles informasjonsmøte sundag 2.juli kl. 19.00 i Festsalen, Førdehuset.
 

Gasta Design