Frivilligkjøkken

Vi har eit frivilligkjøkken der frivillige kan få mat i løpet av dagen. Som medlem av kjøkkengjengen utfører du enkle kjøkkenoppgåver. Arbeidet er tidvis hektisk, men alle som kjem innom er svært takknemlege for å bli servert god mat.

Backstage

Førdefestivalen er kjent for å ta godt vare på artistane som kjem hit. Backstagegruppa syter for den ekstra servicen som gjer lydprøvene og konsertane til ei god oppleving for artistane. Det inneber i praksis å ordne backstage med handkle, snacks, te/kaffi/vatn. Som idrettshallansvarleg syter du for at det fantastiske produksjonsteamet har det dei treng, og at idrettshallen er ryddig til innslepp startar.

Opplæring og utdeling av T-skjorter skjer i samband med informasjonsmøte. Tid og stad kjem.

 

Gasta Design