Festivalkontoret


Festivalkontoret ligg i kjellaren i Førdehuset, og ein stor stab handterer billettsalg, sentralbord og publikumsinformasjon i heile festivalveka. Denne gruppa er i direkte kontakt med publikum. Det er difor viktig at dei som er med i denne gruppa kan informere publikum om festivalprogrammet med ei serviceorientert innstilling.

Billettsalg og sentralbord

I år tek vi i bruk eit nytt billettsystem frå TicketCo. Det blir gjeve opplæring i dette i forkant av festivalveka for alle som skal ha med billetthandtering å gjere.

Billettkontroll

Det nye billettsystemet frå TicketCo er veldig enkelt å bruke og alle billettar skal scannast. I denne gruppa skal du sjekke og registrere kjøpte billettar. Enkelt og greitt.

Informasjonsskranken

Her kan publikum få informasjon om konsertar, bussar og anna, melde seg på kurs og kjøpe ulike festivalartiklar.

Bortearenaer

Det er mange konsertar som skjer utanfor Førdehuset, og her er det behov for billettseljarar -og kontrollørar.

Årets arenaer er: Førde kulturskule, Førde kyrkje, Festplassen, Hafstadfjellet, Halbrendsstølen (billettsal -og kontroll på Reset), Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde Rådhus, Hugleik og Barthold Bar og Festivalsalen på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Fjordamattunet på Vassenden, Løa på Jølstraholmen, Blomsterhagen Restaurant i Florø, Kjellaren på Gloppen Hotell, Rytne gard i Bygstad og Klokkargarden i Dale.

Salgsbod

Vi har boder på Torgscena, Festplassen og Førdehuset der det blir selt festivalartiklar og delt ut programhefter. Her kan publikum og få informasjon om festivalen, programmet og konsertstader m.m.

 

Funksjonæropplæring i veke 26, måndag – fredag kl. 18:00 – 20:00, som frivillig på Festivalkontoret må du vere med på opplæring ein av desse kveldane.

Opningstider i festivalveka

Måndag 4. juli - tysdag 5. juli kl. 09.00 - 20.00 
Onsdag 6. juli kl. 09.00 - 22.00
Torsdag 7 .juli - laurdag 9. juli kl. 09.00 - 24.00
Søndag 10. juli kl. 10.00 - 18.00

Felles informasjonsmøte i Festsalen med programpresentasjon og utdeling av festival-T-skjorter (på Festivalkontoret) tysdag 5. juli kl 19:00 - 20:00.