Artistservice


Artistkontakt

Alle artistane får sin eigen kontakt som tek imot dei på flyplassen, gjev dei den informasjonen dei treng og passer på at dei kjem seg til lydprøvene og konsertane sine. Du treng ikkje vere saman med musikarane heile tida, men du må vere tilgjengeleg for dei heile tida medan dei er i Førde. Det er ein del jobb med mykje ansvar og mykje moro. Som kontakt for dei utanlandske gruppene er det viktig at du har gode språkkunnskapar på anten engelsk, fransk eller spansk (eller andre språk). Det er ein fordel om du har førarkort.

Som artistkontakt får du medarbeidarpass, slik at du kan fylgje artistane «dine» over alt. Medarbeidarpasset gjev gratis inngang på alle konsertar, så lenge det er ledig plass (du må kjøpe fullprisbillett for å vere garantert plass).

Oppgåvene er mellom anna:

  • Å syte for at artistane er på rett stad til rett tid i samband med lydprøver, konsertar, måltid m.m.
  • Bidrage til å løyse små og store oppgåver som kan oppstå
  • Å syte for at artistane har eit godt opphald i Førde
  • Å representere Førdefestivalen som serviceperson og guide i høve til artistane

Artistservice

Her kan artistar, arenaansvarlege, artistkontakter og bussjåførar henvende seg for hjelp under festivalveka. Ulike spørsmål og forespørslar dukkar opp undervegs og skal gjerne løysast med ein gong. Her trengst det også folk med førarkort kl. B då det alltid blir ein del transport av artistar.  Her er det alltid minst 2 personar på vakt og ein vaktansvarleg.

Transport

Tenk å vere sjåfør på artistbussen og frakte musikarar frå heile verda rundt i Førde. Har du førarkort til buss kan denne draumen gå i oppfylling. Elektronisk køyrekort er påkravd.

Opplæring og utdeling av T-skjorter i samband med informasjonsmøte tysdag 5. juli.

Artistkontaktene møter i musikkrommet i 2.etasje 17:30 - 19:00.
Artistservice, vertskap og sjåførar møter i musikkrommet i 2.etasje 20:00 - 21:00.