Vertskap

Dersom du har eit blendande smil eller er fantastisk på orientering kan du passe til å vere med på mottakinga på Rica, vise folk til seta sine i Idrettshallen, ta imot kursdeltakarar eller vere med i solskinspatruljen og spreie trivsel blant medarbeidarane.

Read More
Gasta Design
Frivilligkjøkken

Frivilligkjøkkenet er ope for alle frivillige som er på jobb, og stemninga er alltid god. Backstage- og idrettshallansvarleg syter for handkle, vatn og snacks til artistar og andre ansvarlege. Spreier mykje glede.

Read More
Gasta Design
Festivalkontoret

Er du god med pengar? Likar du å snakke med folk? Dersom du har lyst til å selje billettar, ta imot kurspåmeldingar, informere publikum om kva som skjer og snakke i telefonen, då tek Fride i mot deg med opne armar. Her får du eigne opplæringskveldar i kasseapparat, billettsystem og telefonbruk.

Read More
Gasta Design
Artistservice

Alt som har med artistane å gjere. Det kan vere alt frå å køyre artistbuss, vere artistkontakt eller jobbe i artistserviceskranken. Kort sagt, gjere opphaldet i Førde til ei oppleving for artistane som kjem. 

Read More
Gasta Design
Konsertarena

Du kan vere arenaansvarleg, vere med på sceneproduksjon, rigg, vakt eller om du er kunstnarleg av deg er blomster-/dekorgruppa absolutt oppgåva for deg.

Read More
Gasta Design
Marknadsføring

Dersom du blir med på distribusjon av brosjyrer og hengje opp plakatar er du ferdig med vaktene dine før Festivalen tek til. Er du god på IT kan du få ansvar for oppdateringar på web og sosiale medier under festivalveka. 

Read More
Gasta Design