Frivillige - opplev festivalen frå innsida

Kvart år er 350 frivillige med på laget, og våre fantastiske frivillige betyr ALT for Førdefestivalen! Den innsatsen de legg ned før, under og etter festivalen gjer at det blir ei magisk stemning i Førde som vi ynskjer å dele med heile verda. Tusen takk for at de er med på og gjere Førdefestivalen til det eventyret den er! 

Kvifor vere frivillig?

Fordi det er moro og du får sjå og oppleve festivalen frå eit anna perspektiv. Du vil møte ei mengd folk frå både inn- og utland, dele gleda over musikken og festivalen. Å vere frivillig er nok den beste byttehandelen du kan gjere.

Viss du vurderer å gå inn i rekkja av heroiske menneske som gjerne ofrar nokre timar eller dagar i folkemusikkens teneste, meld deg i skjemaet på lenkja under eller ring 46 90 50 10 for ein festivalprat. 

 

Kva kan eg gjere?


Yte & nyte

  • Du møter presis på vaktene dine.

  • Du får årets festival-T-skjorte som er arbeidsantrekket ditt. Når du har på deg denne representerer du Førdefestivalen. Gjer ditt for at Førdefestivalen blir ei fantastisk oppleving for publikum, gjestar, artistar og dine medarbeidarar.

Godtgjersle

  • Over 4 timar = 1 fribillett

  • Over 8 timar = 2 fribillettar

  • Over 12 timar = 3 fribillettar

  • Over 16 timar = Medarbeidarpass eller 4 fribillettar

  • Over 30 timar = Medarbeidarpass og 2 fribillettar

  • Mat på frivilligkjøkkenet når du er på jobb

  • Opplæring

  • T-skjorte

  • 50 % rabatt på festivalartiklar

  • Frivilligfest for frivillige og artistar på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa søndag 7.juli

  • Inntil 50 % rabatt på billettar til alle FolkJazzScene-arrangement elles i året

  • Attest for utført frivillig arbeid (henvend deg til oss i etterkant av festivalen)

Fribillettar

Medarbeidarpass gjev fri adgang til alle konsertar under festivalen, så lenge det er ledige plassar. 

Det blir programpresentasjon og felles orienteringsmøte for alle frivillige på Førdehuset. Det blir sendt ut innkalling på epost. Alle gruppene får i tillegg sine eigne informasjonsmøte.