Kristin Danielsen

Kristin Danielsen er utdanna dansar ved Den norske balletthøyskole i Oslo og Ballet Arts / Broadway Dance Center i New York. Sidan har ho teke ein Master i Arts Management ved City University i London med fokus på internasjonalt kultursamarbeid. Ho har vore prosjektleiar i visiting Arts, administrativ leiar for Black Box Teater, Dagleg leiar i Ny Musikk, Direktør for MIC, norsk musikkinformasjon, partnar i DanielsenKroepelien Arts Management og biblioteksjef for Deichmanske i Oslo. I tillegg har ho undervist i og skrive artiklar om kulturleiing, leiing av kreative prosjekt og publikumsutvikling. Byrja som direktør for Kulturrådet 15. august 2016.

Torill Faleide