Silje Grasveit

Silje Grastveit har bakgrunn som KaosPilot, ei leiarutdanning frå Danmark innan sosial innovasjon. Silje er sjølv sosial entreprenør og gründer av Impact Hub Bergen, Norges første co-working plass og inkubator for sosial innovasjon. Impact Hub Bergen er medeigar i eit omfattande globalt nettverk for sosial innovasjon. Silje arbeider også profesjonelt som prosessleiar, blant anna for å generere nye løysningar på ulike samfunnsutfordringer.