Førdekonferansen 2018:
Ytringsfridom - vilkår og grenser
Torsdag 5. juli kl. 09.30 - 16.30 - Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Ytringsfridomen er under press, samstundes som vilkåra og grensene for den vert utsett for debatt, på mange arenaer. Globaliseringa skyt fart og migrasjonen aukar. Menneske med ulike kulturar, normer og verdiar møtest, men enkelte kjenner seg krenka om ytringar blir opplevde som angrep på deira kultur. Kunnskap til få er makt, medan kunnskap til alle er fridom. Falske nyhende og alternative sanningar er nye omgrep som fortel oss at ytringar er avgjerande for å vinne makt.
Debatten kring desse problemstillingane er særs viktig no, med ei ny kulturmelding på trappene i 2019. I den ferske regjeringsplattforma sitt kapittel om kultur er demokrati, mangfald, maktspreiing og ytringsfridom sentrale omgrep. Ser vi konturane av ein ny blå-grøn kulturpolitikk? Kva følgjer får dei politiske vedtaka for ytringskulturen vår?
Programmet er klart og innleiarane er på plass, sterke namn frå ulike samfunnsarenaer frå vitskap til media- og kulturfeltet vil formidle bodskapen sin om temaet på konferansen, som er: YTRINGSFRIDOM - VILKÅR OG GRENSER
Her er namna: Bård Vegar Solhjell, nestleiar i styret for Fritt Ord og styreleiar i Norsk Musikkråd; Cecilie Hellestveit, forskar ved Folkerettsinstituttet (NAIL); Pål W. Lorentzen, høgsterettsadvokat; Morten Gjelten, direktør i NTO; Jan Olav Baarøy, direktør i Fredskorpset; Elisabeth Eide, professor i journalistikk ved OsloMET; Muniba Ahmad, student; Linn Marie Holvik, direktør Kulturtanken; Olaug Nilssen, forfattar og Hannah Wozene Kvam - slampoet, skribent og formidlar.
Det vert kunstnarlege innslag ved slampoet Hannah Wozene Kvam og Erik Holm på perkusjon.
Den som skal leie det heile, er Anne Mette Hjelle, kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Inkludert i konferansen:
Offisiell mottaking (torsdag 5. juli kl. 18.00) i samband med opninga av festivalen og billett til opningskonsert: Musikken i dansen – dansen i musikken! på Førdefestivalen (torsdag 5. juli kl. 20.00).
PROGRAM
09.30 Registrering og kaffi
10.00 Velkomen (ordførar Førde kommune, styreleiar Førdefestivalen)
10.15 Bård Vegar Solhjell, styreleiar i Norsk Musikk råd og nestleiar i styret for Fritt Ord – «Musikalske uttrykk – viktige i ytringsfridomen»
10.35 Cecilie Hellestveit, forskar ved Folkerettsinstituttet (NAIL) – «Ytringsfridomens kår i ei verd i endring»
10.55 Pål W. Lorentzen, høgsterettsadvokat – «Ytringsfridom i ei omstillingstid»
11.20 Oppsummering og dialog
11.30 Kaffipause
11.45 Jan Olav Baarøy, direktør i Fredskorpset – «Returbistand – Treng vi bistand frå sør?»
12.05 Elisabeth Eide, Norsk PEN, professor i journalistikk ved OsloMET – «Ytringar i grenseland – ytringsfridomens globale utfordringar»
12.25 Sumayya Javed , student - «Ytringsfridom i eit kvinneleg minoritetsperspektiv»
12.45 Oppsummering og dialog
13.00 Lunsj
14.00 Morten Gjelten, direktør i NTO – «Leve tvisynet»
14.20 Lin Marie Holvik, direktør Kulturtanken – «Ytringsfridom og uttrykksmangfald»
14.40 Olaug Nilssen, forfattar – «Ytringsfridom eller brot på personvern»
15.00 Oppsummering og dialog
15.30 Slutt
----
18.00 Offisiell mottaking for sponsorar og gjester. Stad: Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotell & Spa
20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen! Stad: Idrettshallen, Førdehuset