Knut Olav Åmås

Foto: Anniken Schiøll

Foto: Anniken Schiøll

Knut Olav Åmås er direktør i Stiftelsen Fritt Ord. Han er tidlegare statssekretær i Kulturdepartementet (2013-2014) og redaktør i Aftenposten (2006-2013), har også vore redaktør i Samtiden og Universitetsforlaget. Han har omsett, redigert og skrive 16 bøker og har blant anna motteke Den store journalistprisen (2007). Han er cand.philol. i filosofi og dr. philos. i medievitskap. Åmås har vore med og starta tre landsdekkjande organisasjonar - Norsk biografisk selskap, Norsk Tidsskriftforening og Norsk forening for forskningsjournalistikk.

Ivar Eimhjellen

Ivar Eimhjellen er Sosiolog og forskar ved Uni Rokkansenteret i Bergen. Han har vore tilknytt Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor sidan 2009. Eimhjellen har doktorgrad frå UiB 2014 om bruk av digital kommunikasjonsteknologi i frivillige organisasjonar og til sosial og politisk deltaking. Har elles forska på inkludering av minoritetar og personar med nedsett funksjonsevne i frivillige organisasjonar, nye lokale organisasjonsformer, sosialt entrepenørskap, etc.

Lavleen Kaur

Lavleen Kaur er kriminolog og kunstnar. ho har i over 25 år aktivt jobba med frivillige prosjekt retta mot born og ungdom frå minoritetsfamiliar. Gjennom blant anna den frivillige organisasjonen "Indian Welfare Society of Norway" har ho vore oppteken av å bruke scenekanten som ein brubyggingsarena mellom det norske og det indiske samfunnet. For tida er ho doktorgradsstipendiat ved Det juridiske fakultet, UiO.

Rolf Sanne-Gundersen

Rolf Sanne-Gundersen er kommunikasjonsrådgjevar og gründer av det nystarta selskapet Tydeleg.no. Rolf har jobba med journalistikk sidan 1988. Først i fleire ulike lokalaviser i Sogn og Fjordane, deretter i Dagbladet og TV2. I 1997 begynte han i NRK Sogn og Fjordane. Dei første åra som journalist, deretter programskapar, vaktsjef og redaksjonssjef frå 2004. Frå 2008 til september 2013 var han distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.