Temaet på Førdekonferansen 2017 er Nordisk identitet - kreative næringar i utvikling. Foto: Førdefestivalen/David Bowen/

Temaet på Førdekonferansen 2017 er Nordisk identitet - kreative næringar i utvikling. Foto: Førdefestivalen/David Bowen/

 

Førdekonferansen 2017: 

Nordisk identitet - kreative næringar i utvikling

Torsdag 6. juli 2017 kl. 10.00 - 16.30
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Verda har aldri vore mindre enn i dag. Vi når kvarandre på få sekund frå kvar som helst på planeten. Vi snakkar saman og lyttar, vi byter varer og vi lærar av kvarandre. Teknologien er digital, økonomien er global. Artistar kan frå den eine dagen til den andre bli verdskjende når strøymetenester spreier musikken eller filmen deira over heile kloden samstundes. Men raske endringar skjer ikkje utan spenning. Tradisjonelle politiske skilje har det siste året kome i bakgrunnen for skiljet mellom dei som ønskjer globalisering og dei som er mindre glad for ei slik utvikling.

Om verda og Europa er for stort for oss, og Noreg er for lite, er kanskje Norden av passeleg storleik. Det finst mange likskapar mellom landa – i samfunnsmodellar og språk, i historie, verdiar og livssyn, i klima og levekår. Og det finst ulikskapar, fordi landa i Norden er prega av endå ein fellesnemnar: mangfald.

I 2017 har Noreg formannskapet i Nordisk ministerråd. Eitt av satsingsområda er dei kreative næringane. Finst det ein felles nordisk kultur, i språket, kunsten og kulturen, som er grunnlaget for dei kreative næringane våre? Korleis samarbeider vi i dag på tvers av dei nordiske landegrensene? Kva for politiske prioriteringar ligg til grunn for det som blir gjort? Kan vi gjere meir for å utvikle den nordiske fellesskapen og dei kreative næringane, til glede for både utøvarane og publikum? Og korleis ser det nordiske samarbeidet ut frå utanfor Norden?

På ei spennande liste over innleiarar finn vi Stortingspresident Olemic Thommessen, som skal halde opningsinnlegget, Kristin Danielsen, direktør i Norsk Kulturråd, som skal snakke om utvikling av kreative næringar; professor og tidlegare direktør for Språkrådet, Sylfest Lomheim, vil ta føre seg språkleg fellesskap i Norden, og Walid Al-Kubaisi, norsk-irakisk forfattar og skribent ser på Norden og nordiske verdiar sett frå sin ståstad.  I tillegg får du møte m.a. Per Voetman, tidlegare direktør i Kulturkontakt Nord, Gunvor Eldegard, medlem i Nordisk Ministerråd og Nordisk Kulturfond, Bertel Haarder, dansk folketingsmedlem med tidlegare president i Nordisk Råd, Henna Salo, export manager i Music Finland, og Monica Larsson, nytilsett rådgjevar for Kreativt Norge, med brei bakgrunn frå norsk musikkliv. Og musikar og samfunnskommentator Igor Dunderovic vil gje oss musikalske skråblikk på det heile. Dagen vert leia av journalist Bjørn Lindahl.

Konferansen vert arrangert av Førdefestivalen i samarbeid med Sparebanken Vest, Førde kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og VRAK. 

Vi gjer merksam på at det kan kome endringar i programmet. 

PROGRAM

09.30 Registrering og kaffi

10.00 Velkomen

10.10 Igor Dunderovic - KUNSTNARLEG innslag 

10.15 Innleiingsforedrag v/Olemic Thommesen – stortingspresident

DEL 1 NORDISK IDENTITET

10.45 Sylfest Lomheim – professor ved Universitetet i Agder (tidlegare direktør i Språkrådet)

Språkleg fellesskap I Norden - meir ‘Skam’ eller meir avstand?

Lomheim vil gi oss eit historisk riss. Kor tid snakka vi likt i Norden? Korleis går det med kontakten og språkforståinga i dag? Det er urovekkkjande skilnader, og nokre lyspunkt. Kva med ytterflankane - Island og Finland? Kva står på spel, kulturelt og økonomisk?

11.10 Per Voetman – sektorsjef kultur og fritid Lolland kommune og tidlegare direktør i Kulturkontakt Nord

Nordisk kultursamarbeid 2017 – ein saga blott, eit offisielt alibi eller eit land med mulegheiter?

Voetman vil drøfte om det finst ein levande nordisk modell og ei framtid for eit nordisk språkfellesskapet. Har det offisielle samarbeidet kvalitet og verdi? Finst det mange mulegheiter for utvikling som vi ikkje ser?

11.35 Kaffipause

11.45 Bertel Haarder – medlem i Folketinget Danmark

Bertel Haarder er tidlegare minister i ei rekke departement i perioden 1982-2016 (kultur- og kirke, indenriks- og sundhet, undervisning og forskning, integrasjon og udvikling, nordisk samarbeide), medlem i Europaparlamentet 1994-2001 og president i Nordisk Råd 2011.

Gjensidig nordisk språkforståing som ein veg til å skape ei sterkare nordisk offentlegheit

Etter at Skam blei nekta vist i Danmark i januar i år uttalte Haarder til dansk TV2 at «Intet betyder mere for den gensidige nordiske sprogforståelse end uhindret adgang til nabolandskanalerne. Pippi Langstrømpe har i så henseende haft større betydning end samtlige sessioner i Nordisk Råd». Haarder vil snakke om korleis ei gjensidig nordisk språkforståing kan skape ei sterkare nordisk offentlegheit, som kan styrke den nordiske «heimebasen» i ei tid der internasjonale band blir svekka.

12.15 Walid Al-Kubaisi – norsk-irakisk forfattar, skribent, sivilingeniør og politisk flyktning

Norden og nordiske verdiar sett frå ein sekulær, opplyst muslim

Al-Kubaisi har vore i Norge i om lag 30 år. Han vil med innsikt, kunnskap og eigne røynsler gi oss eit kritisk blikk på korleis innvandrarar blir handsama politisk, ein politikk som med god vilje kan ha gitt oss IS-krigarar, Niqab og Hijab, IslamNet og radikalisering, æresdrap og tvangsekteskap. Al-Kubaisi vil òg snakke om den nordiske ytringsfridomen, islam og nordmenns frykt for denne religionen.

12.40 Samtale om Nordisk identitet  - Bjørn Lindahl, Sylfest Lomheim, Bertel Haarder m.fl.

13.10 Lunsj

14.00 Igor Dunderovic - KUNSTNARLEG innslag

DEL 2 KREATIVE NÆRINGAR - Innleiing til paneldebatt og samtale

14.10 Kristin Danielsen – direktør i Norsk Kulturråd

Kreativt Norge – om kulturnæringsoppdraget til Kulturrådet

14.25 Innovasjon Norge (vert stadfesta)

14.40 Gunvor Eldegard – medlem i Nordisk ministerråd og Nordisk kulturfond

14.55 Spørsmål og samtale.

Kva for rolle kan staten spele for stimulere det kreative Norge?

Bjørn Lindahl i samtale med Kristin Danielsen, Innovasjon Norge og Gunvor Eldegard

Innspel og spørsmål frå salen

15.10 Kaffipause

15.20 Monica Larsson – Seniorrådgjevar i Norsk kulturråd, seksjon for kreativ næring

15.35 Henna Salo – Music Finland

15.50 Spørsmål og samtale.

Korleis ser framtida ut for dei kreative næringane i Norden for dei som kjenner kvar skoen trykker? Bjørn Lindahl i samtale med Monica Larsson og Henna Salo

         Innspel og spørsmål frå salen

16.30 Slutt

17.30 Offisiell mottaking for gjester, samarbeidspartar og konferansedeltakarar - på Scandic Sunnfjord Hotell & Spa

19.30 Opningskonsert: Nordic Sound Folk Orchestra - Idrettshallen, Førdehuset