Temaet på Førdekonferansen 2017 er Nordisk identitet - kreative næringar i utvikling. Foto: Førdefestivalen/David Bowen/

Temaet på Førdekonferansen 2017 er Nordisk identitet - kreative næringar i utvikling. Foto: Førdefestivalen/David Bowen/

 

Førdekonferansen 2017: 

Nordisk identitet - kreative næringar i utvikling

Torsdag 6. juli 2017 kl. 10.00 - 16.30
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa


Verda har aldri vore mindre. Teknologien er digital, økonomien global, og raske endringar skaper spenningar. Ikkje alle ønskjer globaliseringa velkomen. Om verda og Europa er for stort, og Noreg er for lite, har kanskje Norden passeleg storleik? Finst det ein felles nordisk kultur - i språk, kunst og kultur - som grunnlag for dei kreative næringane? Korleis samarbeider vi i Norden, og
kva blir prioritert politisk? Og korleis kan vi utvikle den nordiske fellesskapen? 

Stortingspresident Olemic Thomessen og fleire fine innleiarar deltek med innsikt og refleksjonar, m.a. direktør i Norsk kulturråd, Kristin Danielsen, om utvikling av kreative næringar, professor og tidlegare direktør i Norsk språkråd, Sylfest Lomheim, om språkleg fellesskap og forståing i Norden, og mangeårig minister for ei rekke departement i Danmark, Bertel Haarder, om korleis gjensidig nordisk språkforståing kan skape ei sterkare nordisk offentlegheit.

 

PROGRAM

09.30 Registrering og kaffi

10.00 Velkomen

10.10 Artistisk innslag – Igor Dunderovic

10.15 Innleiingsforedrag v/Olemic Thommesen – stortingspresident

 

DEL 1 NORDISK IDENTITET

 

10.45 Sylfest Lomheim – professor ved Universitetet i Agder (tidlegare direktør i Språkrådet)

Språkleg fellesskap I Norden - meir ‘Skam’ eller meir avstand?

Lomheim vil gi oss eit historisk riss. Kor tid snakka vi likt i Norden? Korleis går det med kontakten og språkforståinga i dag? Det er urovekkkjande skilnader, og nokre lyspunkt. Kva med ytterflankane - Island og Finland? Kva står på spel, kulturelt og økonomisk?

 

11.10 Per Voetman – sektorsjef kultur og fritid Lolland kommune og tidlegare direktør i Kulturkontakt Nord

Nordisk kultursamarbeid 2017 – ein saga blott, eit offisielt alibi eller eit land med mulegheiter?

Voetman vil drøfte om det finst ein levande nordisk modell og ei framtid for eit nordisk språkfellesskapet. Har det offisielle samarbeidet kvalitet og verdi? Finst det mange mulegheiter for utvikling som vi ikkje ser?

 

11.35 Kaffipause

11.45 Bertel Haarder – medlem i Folketinget Danmark

Bertel Haarder er tidlegare minister i ei rekke departement i perioden 1982-2016 (kultur- og kirke, indenriks- og sundhet, undervisning og forskning, integrasjon og udvikling, nordisk samarbeide), president i Nordisk Råd 2011 og medlem i Europaparlamentet 1994-2001 og president i Nordisk Råd 2011.

Gjensidig nordisk språkforståing som ein veg til å skape ei sterkare nordisk offentlegheit

Etter at Skam blei nekta vist i Danmark i januar i år uttalte Haarder til dansk TV2 at «Intet betyder mere for den gensidige nordiske sprogforståelse end uhindret adgang til nabolandskanalerne. Pippi Langstrømpe har i så henseende haft større betydning end samtlige sessioner i Nordisk Råd». Haarder vil snakke om korleis ei gjensidig nordisk språkforståing kan skape ei sterkare nordisk offentlegheit, som kan styrke den nordiske «heimebasen» i ei tid der internasjonale band blir svekka.

 

12.15 Walid Al-Kubaisi – norsk-irakisk forfattar, skribent, sivilingeniør og politisk flyktning

Norden og nordiske verdiar sett frå ein sekulær, opplyst muslim

Al-Kubaisi har vore i Norge i om lag 30 år. Han vil med innsikt, kunnskap og eigne røynsler gi oss eit kritisk blikk på korleis innvandrarar blir handsama politisk, ein politikk som med god vilje kan ha gitt oss IS-krigarar, Niqab og Hijab, IslamNet og radikalisering, æresdrap og tvangsekteskap. Al-Kubaisi vil òg snakke om den nordiske ytringsfridomen, islam og nordmenns frykt for denne religionen.

 

12.40 Samtale om Nordisk identitet

         (Bjørn Lindahl, Sylfest Lomheim, Bertel Haarder m.fl.)

 

13.10 Lunsj

 

14.00 Igor Dunderovic – artistisk innslag

 

DEL 2 KREATIVE NÆRINGAR - Innleiing til paneldebatt og samtale

 

14.10 Kristin Danielsen – direktør i Norsk Kulturråd

Kreativt Norge – om kulturnæringsoppdraget til Kulturrådet

 

14.25 Innovasjon Norge (vert stadfesta)

 

14.40 Gunvor Eldegard – medlem i Nordisk ministerråd og Nordisk kulturfond

 

14.55 Spørsmål og samtale.

Kva for rolle kan staten spele for stimulere det kreative Norge? Bjørn Lindahl i samtale med Kristin Danielsen, Innovasjon Norge og Gunvor Eldegard

         Innspel og spørsmål frå salen

 

15.10 Kaffipause

 

15.20 Atle Hauge – leiar av Kunnskapsverket og professor i serviceinnovasjon ved Høgskolen i Innlandet

 

15.35 Henna Salo – Music Finland

 

15.50 Spørsmål og samtale.

Korleis ser framtida ut for dei kreative næringane i Norden for dei som kjenner kvar skoen trykker? Bjørn Lindahl i samtale med Atle Hauge og Henna Salo

         Innspel og spørsmål frå salen

 

16.30 Slutt