Back to All Events

Døgeniktenes debatt

  • Festsalen i Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway (map)

I byrjinga av det siste tiåret i førre årtusen vart det med eit halvt års mellomrom fødd to born i kvart sitt dalføre. Fødde inn i trygge omgjevnader på bondegard der stødige, gamle verdiar låg til grunn – av foreldre som hadde sett sine eigne liv skyte fart inn i eit nytt og spennande tiår der heilt ny teknologi skulle forundre og snu opp ned på kvardagen. På kvar sin kant, på ulikt vis, vart borna medvitne sine gode liv. Og kva vart dei?

Dei vart døgeniktar.

Døgeniktane ynskjer å gjeve verda den rette medisin for plagene sine. Dei vedgår at dei har store talent som dei ikkje evner å gjere noko med. Dessutan er det ubehageleg å stå for noko, og kva med tida?

Døgeniktenes debatt er ei delvis improvisert framsyning med dans og dialog rundt tema som utøvarane er opptekne av.

Framsyninga er eit samarbeid mellom Førdefestivalen/FolkJazzScena og Førdehuset. Framsyninga er produsert i samarbeid med Riksscenen.


Vetle Springgard er folkedansar og skodespelar. Han har utdanning frå Romerike Folkehøgskole og Attakkalari danseskule i India og FRIKAR-akademiet. Vetle har jobba frilans sidan 2011 og har jobba mykje i FRIKAR, vore innom Teater Innlandet og Det Norske Teater. Vetle har også turnert med ei sjølvlaga framsyning om «Veslefrikk med fela» saman med Erlend Apneseth og Margit Myhr.

Ådne R. Geicke Kolbjørnshus er dansar, akrobat og skodespelar. Han har jobba frilans sidan 2010 og har jobba for m.a. Frikar, Villniss, Kartellet, Det Norske Teatret, Riksteatret, Rikskonsertene og Västanå Teater. Han vart også Noregsmeistar i hallingdans i 2014.


 

DØGENIKTENES DEBATT

Vår skuffelse er kommet for å bli.
Slik uten videre glir tid forbi,
hver gang vår alles hvileløse sol,
gir morgenvarme til en skjør fiol,
går andre foran oss. Vi står på vent;
forlatte mosegrodde monument

Vi stilte spørsmål ingen svarte på.
Men var vi vanskelige å forstå?
Vi var av stål, vi startet opp aksjoner.
Men ingen ønsket våre konklusjoner.

Nei, sannheten min venn, er ikke lett
Frustrerende å vite du har rett
når du i neste skarpe øyeblikk
blir sablet ned av råtten retorikk.

Så la de bare styre, la de lede.
Forsvinn fra oss ansvarlighet og plikt.
for vi kan trøste oss i egen glede
Men - Blir livet enklere som døgenikt?